vemmelevridecenter.dk

Obrestad fyr






  Håvegen 282, 4365 Nærbø

  +4751791660

Beskrivelse

Om Obrestad fyr - Hå Gamle Prestegard

Obrestad fyr er frå 1873. Det vert automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevare kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar.Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står slik det var i 1991. Obrestad fyr er ein del av Hå kommune sin kulturminnevernplan. Der er det fyret på fastlandet i Norge som ligg lengst mot vest. Overnatting på fyret året rundt, ei unik oppleving i allslags ver. Husa der fyrvaktarane og familiane deira budde er i dag brukt til utleige heile året. Tre bueiningar kan leigast til overnatting og ein bustad kan leigast til seminar og selskap. Alle husa har unik utsikt mot havet og mot Høg-Jæren og vindmøllene. Fyret og bustadane har originale fasadar slik dei var i 1991 då dei blei flytta frå. Inne er dei modernisert. Boligane er smakfullt og moderne innreia. Sjå overnatting for oversikt over bueiningane med prisar. Fyrmuseet og bustadane er drifta av Hå gamle prestegard. Innslag på NRK Juni 2021 opna fyret på ny med nye utstillingar. Sjå innslag om