vemmelevridecenter.dk

Lesekiosk Sunndalsøra






  Mongstugata 6, 6600 Sunndalsøra

 

Beskrivelse

Lesekiosk - Sunndal bibliotek

Lesekiosk er eit nasjonalt litteraturformidlingsprosjekt i regi av Foreinga !les støtta av Sparebankstiftelsen DNB. Prosjektet handlar om å fylle 100 verna telefonkioskar med bøker og litterær aktivitet for å gjere litteratur og gode leseopplevingar tilgjengeleg for det norske folk. Kva gjer eg med lesekiosken? I lesekiosken står det eit godt utval bøker. Bøkene kan du byte med ei bok du sjølv ikkje vil ha, men som du vil dele med andre. Tanken er å dele gode leseopplevingar. Slik kan ein gjere bøkene til ein del av alle sitt liv. Døra til lesekiosken er aldri stengt og du kan soleis byte bøker når du vil på døgnet. Sunndal folkebibliotek er lesekioskfadder. Dette tyder at vi skal syte for at lesekiosken er ryddig og innbydande for alle som nyttar han. Samstundes er vi avhengig av at dei som òg brukar lesekiosken ikkje fyller opp med bøker dei vil kvitte seg med, men samvitsfullt sett att bøker dei verkeleg vil at andre skal lese. Kvar finn