vemmelevridecenter.dk

Kommunelegekontoret i Sula






  Stadsnesvegen 9B, 6030 Langevåg

  +4770199160

Beskrivelse

Lege - Sula kommune

Kva tilbyr vi? Fastlege, sjømannslege og reisevaksinering Kven kan få tilbodet? Alle innbyggjarane i Norge har rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin fastlege. Fastlegen har plikt til å prioritere innbyggjarane på eiga liste. Sjømannslegen kan fylle ut sjømannsattest. Alle som treng det kan få time til slike attestar. Legen held til ved kommunelegekontoret. Reisevaksiner kan ein få ved å henvende seg til kommunelegekontoret. Korleis få tilbodet? Du kan anten ringe oss, eller du kan bestille ein eKonsultasjon, lese elektroniske brev (eBrev), legetime og fornying av respet på helsenorge.no. Der finn du også oversikt over timar du allereie har avtalt og ei oversikt over kontakt du har hatt med oss på Besøklegen tidlegare. Om du skal bruke eKonsultasjon må du logge deg på med BankId, du vil så motta ein SMS frå legen med lenke til eKonsultasjonen. Bytte lege Sula kommune har 9 fastlegar og ein turnuslege. På Helsenorge.no kan du sjå kven som har ledig plass og du kan velge eller bytte fastlege. Helsenorge.no På Helsenorge.no kan du bestille legetime, eKonsultasjon og motta eBrev (elektronisk brev)